Styremedlemmer
- Arnfinn Brechan (styreleiar)
- Ingebrigt Einar Hjorteset
- Egil Hjorteset
- Andrea Hjorteset
- Eva Solbjørg Flo Heggem
Aud og Olav Hjortesets alminnelige stiftelse
Aud og Olav Hjortesets allmenne stifting (kalt AOH-stiftelsen) gjev økonomisk støtte til enkeltpersonar, organisasjonar eller tiltak som kan bidra til å fremje busetnad, kultur og næringsliv i Hyen sokn. Stiftinga kan òg gje støtte til personar som, på grunn av fysiske utfordringar, har kome i ein særleg vanskeleg økonomisk situasjon.
Kapitalen i AOH-stiftelsen består i dag av ei hytte i Hyen, verdsett til 2,6 mill. kroner, og éin aksje i Brødrene Hjorteset AS med ein om lagleg verdi på 175 mill. kroner. Det årlege utbytet frå denne aksjen utgjer den avkastninga stiftinga kan disponere til å dekkje administrative kostnader og til utdeling i tråd med føremålet. Utbytet frå aksjen har variert i perioden frå november 2022 til i dag, med utbetalingar på 0,5 mill., 2 mill., 3,5 mill., 4 mill. og 2,2 mill. kroner. Det er òg venta at utbytet vil variere i åra som kjem.
Her finn du gjeldande vedtekter for stiftinga.
Her finn du siste årsberetning for stiftinga.
Merk: Vedtekter og årsberetning ligg berre i original målform (bokmål).